Prosjekt 12 inneheld køyreveg og bru frå rundkøyringa på rv. 5 Naustdalsvegen fram til lyskrysset ved fv. 481 Storehagen. Det er planlagd gang- og sykkelveg på nord-/austsida av gata, og rabatt med trerekker.

Den nye Langebruvegen vil binde saman dagens sentrum med ein ny bydel som kjem på Indre Øyrane. Eit nytt samband her er sentralt for trafikkavviklinga i Førde sentrum, og avgjerande for utbygginga av Indre Øyrane og fortetting i sentrum nordvest.

Langebruvegen vert etter planen omforma frå veg til bygate, med gode tilhøve både for køyrande og mjuke trafikantar. Her er framleis plass til bilar, men det er prioritert plass til folk. Med fortau på begge sider av gata er det god tilkomst til bygningane, og ein langsgåande allé gir gata eit grønt preg og avstand til trafikken.

Statens vegvesen ønskjer å prioritere dette tiltaket for å få betre trafikkavviklinga m.a. ved bygging av tiltak 9 i Storehagen, og har ambisjonar om å starte bygginga i 2018/19.

 

Les meir om planane, og last ned reguleringsplan og illustrasjonar, på delprosjektsidene.

 

Merknadar

Dersom du har merknadar til forslaget, kan du senda dei til Førde kommune:

Førde kommune
Postboks 338
6802 Førde
Firmapost: postmottak@førde.kommune.no

Spørsmål

Har du spørsmål kan du ta kontakt med ein av følgjande:

Førde kommune
ved Arve Seger
tlf. 57 61 27 19 / 48 02 26 26
arve.seger@forde.kommune.no

Statens vegvesen 
ved Magna Vangsnes 
tlf.  57 65 58 53 / 95 19 19 63
magna.vangsnes@vegvesen.no