I eit års tid har det vore arbeidd med konkurransegrunnlag for bygging av ny veg frå Angedalsvegen til Hafstadvegen, inkludert bru over Jølstra, nedanfor Førdehuset. Arbeidet har vore basert på gjeldande reguleringsplan frå 2009.

Arbeidet har avdekka at fundamentering av bru blir meir komplisert og omfattande enn føresett. Det blir derfor meldt oppstart av eit planarbeid der vi vil vurdere brutype og omfang av tiltak i elva på nytt. For omtale av tiltaket, sjå under «Les også».

Varsel om start av planarbeidet vert sendt grunneigarar, naboar, offentleg mynde og eventuelt andre interessentar. Det er og varsla om planarbeidet på nettsidene til Førde kommune/kunngjeringar.

Merknader

Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til Førde kommune innan høyringsfristen, 10. juni 2016.

Send det skriftleg anten med vanleg post til Førde kommune, Byggesak og arealforvaltning, Postboks 338, 6802 Førde eller med e-post til postmottak@forde.kommune.no

Kontakt

For spørsmål om planarbeidet kan de ta kontakt med