– Tiltaka varierer frå skifte av ventilar, til gipsing av vegg, skifte vindu og installasjon av nytt ventilasjonsanlegg, fortel Arild Øren, byggjeleiar i Førdepakken.

Tiltaka kjem på bakgrunn av støymålingar som er gjennomført etter at ny rundkøyring stod ferdig i fjor sommar. Ut i frå desse målingane er det laga eit støykart, og lagt på trafikkauke fram til 2038.

Støykontrakta er på 2,55 millionar.