I ytste delen av anlegget, fv. 609 Steinavegen, er entreprenøren komne langt i arbeidet med å få på plass rør, leidningar og kummar nede i bakken der fortauet skal gå. Private avkøyrsler skal stellast til, og noko muringsarbeid står att.

Ved inngangen til Askvollkrysset er Førdefirmaet Anleggsgartner Baarøy hyra inn som underentreprenør til å lage støyskjerm langs fylkesvegen, og forblende ein betongmur langs ein tilkomstveg med naturstein.

Sjølve krysset er nærmast ferdig, men manglar dei siste laga med asfalt.

- Dei fleste av dei større arbeidsoperasjonane er avslutta, men det står att ein del muringsarbeid og siste finpuss før krysset er heilt klart. Vi treng tida, men siktar på å bli ferdige innan sommaren som planlagt, seier byggjeleiar Martin Solheim Ekreskar.