Førre veke starta byggjearbeidet på Bergum langs rv. 5 ut av Førde, som det fyrste delprosjektet i Førdepakken til å komma ut av startgropa. Her skal to T-kryss bli til ei rundkøyring, med betre framkomst både for køyrande og gåande.

Som del av oppgraderinga skal det byggast ein ny gangtunnel under vegen, og i samband med den, eit nytt busstopp med universell utforming. Når prosjektet står ferdig neste sommar vil det med andre ord bli enklare og tryggare for busspassasjerar og fotgjengarar å ta seg fram.