Førebels planområde er illustrert på vedlagde kartillustrasjon, datert 13.01.2015. Endeleg planavgrensing vil bli avklart som del av dette planarbeidet. Planavgrensinga som illustrert er for å varsle mogelege eigedommar som kan bli påverka av tiltaket.

Formål med planarbeidet er å utbetre krysset mellom E39 og fv. 609, og få på plass fortau på ein side langs fv. 609 på aktuell strekning. Eksisterande veglinje (kurvatur) vil bli vurdert og eventuelt justert. Eventuelle eigne løysingar for sykkel vil bli vurdert i planarbeidet.

Konsekvensutgreiing i samsvar med § 4-2 i plan- og bygningslova er vurdert til å vere tilfredsstillande avklart i samband med kommunedelplan trafikk Førde sentrum.

Varsel om start av planarbeidet vert sendt grunneigarar, naboar, offentleg mynde og ev. andre interessentar. Planarbeidet er i tillegg til dette skrivet varsla med kunngjering i avisa Firda og på følgjande nettsider: https://www.forde.kommune.no/kontakt-oss/kunngjeringar/ eller på denne prosjektsida.

Merknader

Vi ber om at innspel og merknader til planarbeidet vert sendt Førde kommune, Byggesak og arealforvaltning, Pb. 338, 6802 Førde, e-postadresse: postmottak@forde.kommune.no innan 20. februar 2015.

Kontakt

For spørsmål om planarbeidet kan de ta kontakt med