For omtale av dei enkelte tiltaka, sjå under «Les også». Varsel om start av planarbeidet vert sendt grunneigarar, naboar, offentleg mynde og ev. andre interessentar. Det er og varsla om planarbeidet på nettsidene til Førde kommune/kunngjeringar.

Informasjonsmøte

I samband med oppstart av planarbeidet vil det bli halde eit ope informasjonsmøte om Førdepakken i Førdehuset tysdag 19. januar kl. 19.00. På møtet vil det bli gitt litt generell informasjon om Førdepakken, men hovudvekta vil bli lagt på start av arbeidet med dei 11 reguleringsplanane.

Merknader

Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til Førde kommune innan høyringsfristen, 5. februar 2016. Send det skriftleg anten med vanleg post til

Kontakt

For spørsmål om planarbeidet kan de ta kontakt med