August 2010 opna ny gang- og sykkelveg på to strekningar langs med fv. 55 på Kyrkjebø i Høyanger kommune.

Dei to strekningane var Ljotebø-Tronvik i vest og Håland-Austreim i aust, lengda på dei to strekningane tilsaman er 1,7 km. Den nye gang- og sykkelvegen var ei forlenging av eksisterande gang- og sykkelveg mellom Tronvik og Håland, slik at det vart 4 kilometer samanhengande gang- og sykkelveg frå vestsida av Ljotebøelvi til og med Austreimselva.

I tillegg vart om lag 0,8 km av riksvegen lagt om.