Prosjektet rv. 44 Gandsfjord bru er vedtatt gjennomført i Stortingspreposisjon nr 14 (1998-1999) om bompengefinansiering av prosjekter og tiltak på Nord-Jæren. Tiltaket skal i hovudsak finansierast ved hjelp av bompengar frå Nord-Jæren-pakken og gjennom eiga innkrevjing av bompengar for prosjektet. I handlingsprogrammet for Nasjonal Transportplan ligg rv. 44 Gandsfjord bru inne med ei oppstartsløyving i 2008 på 90 mill. kroner.

Ved oppstart av planarbeidet var kostnadsoverslaget for prosjektet om lag 780 mill. kroner. Eit nyleg anslag på heile prosjektet visar at det billegaste alternativet nå ligg på litt over 1 milliard kroner. Det dyraste alternativet (som inneber lausmassetunnel mellom brua og E39) kjem på over 2 milliardar. Kostnadsanslaga har ein usikkerheit på +/- 40%.