Analysearbeidet skal vere eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Sandes kommune, Rogaland fylkeskommune, og Fylkesmannen, og skal samordnast med arbeidet som Sandnes kommune har starta opp med konsekvensanalyse for utbygging i Sandnes aust. Målet for alle partar er å nå fram til ein samla transportmodell for heile Nord-Jæren.
- Det er resultata av ei trafikkanalyse som Norsam as har laga for Statens vegvesen som er den direkte årsaka til at me nå må tenkje litt høgt saman, seier planleggingsleiar Stine Haave Askeland.

Dersom prognosane slår til, vil brua leggje til rette for nesten 70.000 bilar i døgnet på den nye vegen. Det ønskjer verken Statens vegvesen, kommunen, fylkeskommunen eller fylkesmannen.
- Nå har me eit gyllent høve til å tenkje høgt saman om kva slags veg dette skal bli. Sidan me enno er tidleg i planleggingsarbeidet, vil me sjå på korleis til dømes tilrettelegging for kollektivtrafikk vil virke på tala, seier planleggingsleiaren.

- Me må også sjå på kvar arbeidsplassar skal skapast i kommunen, korleis arealet i den nye bydelen, Sandnes aust, skal brukast, kor følsom prosjektet vil vere for alternative avgiftssatser, og på miljø-tiltak i Sandnes sentrum. Arbeidet med kommunedelplan for Gandsfjord bru skal tas opp att hausten 2006.

Ny bydel i aust
I dag ligg mesteparten av busetnaden i Sandnes på vestsida av Gandsfjorden. Men i følge Fylkesdelplan for byutvikling på Nord-Jæren skal det dei neste 40 åra vekse fram ein ny bydel med nærare 40.000 innbyggjarar i Sandnes Aust. Brua som skal binde saman vest- og austsida av kommunen skal vere hundre prosent bompengefinansiert.
- Difor er det også viktig å nå bruka tida til å diskutere rekkjefølgen på tiltak, med omsyn til areal- og transportutvikling, framheld Askeland.

Detalj-planlegginga må vente
I tillegg til sjølve brua inneber prosjektet nytt vegsamband mellom E39 og brua i vest, samt tunnel og ny veg mellom brua og rv. 13 i aust. Konsulentselskapet Cowi har arbeidd fram fleire trasear for den nye vegen, både på aust- og vestsida av fjorden. Silingsprosessen for å finne det mest tenelege trase-alternativet for vegen vil måtte vente det neste halve året. 

Prisanslag
Eit nyleg kostnadsanslag på heile prosjektet viser at det billegaste alternativet ligg på litt over 1 milliard kroner. Det dyraste (som inneber lausmassetunnel mellom brua og E39) kjem på over 2 milliardar. Dei endelege kostnadene vil verte +/- 40% av anslaga.
 
Informasjon om status
Statens vegvesen inviterer til ope møte om status i arbeidet med planlegginga av rv. 44 Gandsfjord bru: Torsdag 19. januar kl. 18.00. i bystyresalen i Sandnes. Der vil representantar frå både Statens vegvesen og Sandnes kommune vere til stades.