På bakgrunn av det som har kome fram, anbefaler vi at eit alternativ utan bru blir tatt med i den vidare planlegginga, fortel planleggingsleiar Stine Haave Askeland. Dette alternativet inneber at trafikken til og frå dei nye utbyggingsområda i Sandnes aust skal førast via E39 Kvadrat–Hove og rv. 13 Hove–Vatnekrossen.