Bakgrunnen for prosjektet er å etablere eit overordna trafikksystem som skal legga til rette for regional bu- og arbeidsplassutvikling i Sandnes aust, i tråd med Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren (FDP-J). Hensikten med planarbeidet er å avklara framtidig(e) transportåra(r) inn mot nye utbyggingsområde i Sandnes aust.

Planområdet er delt inn i to hovedalternativ:

Alternativ 1: Bru over Gandsfjorden

Planområdet for Gandsfjord bru er definert som strekninga frå E39 ved Kvadrat, gjennom Lura, bru over Gandsfjorden, ilandføring på Hana, tunnel til Vatne, og vidare mot Sandnes aust.

Alternativ 2: Bruk av eksisterande veg

Planområdet for bruk av eksisterande veg er definert som strekninga frå E39 ved Kvadrat, sørover langs E39 til Hove, og vidare på rv. 13 til Vatne og vidare mot Sandnes aust.

Kommunedelplanen skal danne grunnlag for å kunne ta eit val mellom, eller å kunne prioritera rekkefølgje av, to alternativ, Gandsfjord bru og/eller bruk av E39/rv. 13.