Haugalandspakken omfattar hovudsakleg ei standardheving av dei to viktigaste transportårene gjennom regionen: E134 mellom Haugesund og Etne og fv. 47 gjennom dei sju involverte kommunane (sjå oversikt lenger nede).
Det er også aktuelt å gjennomføre tiltak på E39 og på fylkesvegane.
Måla for Haugalandspakken er:
- å oppnå ein meir effektiv og miljøvenleg vegtransport
- å redusere veksten i biltrafikken i byområdet
- å redusere talet på trafikkulukker og støyplager som resultat av vegtrafikken
- å utvikle eit tilrettelagt og velfungerande transportsystem for alle brukargrupper, mellom anna ved å styrke kollektivtransporten og bygge nye sykkel- og gangvegar