Bompengeinnkrevjinga vedtatt politisk

Stortingsproposisjon nr. 57 (2006–2007) "Om delvis bompengefinansiering av prosjekt og tiltak på Haugalandet i Rogaland og Hordaland" vart vedtatt i Stortinget 14. juni 2007.

På lokalpolitisk nivå har alle dei involverte kommunane i Haugalandspakken slutta seg til bompengeordninga.

Stortingsproposisjon nr. 57 omfattar likevel ikkje Karmøy, fordi Karmøy kommune tidlegare gjekk mot bompengeinnkreving. Våren 2007 vart bompengesaka tatt opp på nytt i Karmøy kommune, og kommunestyret gjekk då inn for innkreving av bompengar.

2. juni 2008 vart saka om å utvide Haugalandspakken til også å gjelde Karmøy vedtatt i Stortinget.

Bompengane sikrar mykje av finansieringa

Bompengane er tenkt å utgjere rundt 70 % av finansieringsgrunnlaget for gjennomføringa av alle prosjekta og tiltaka i Haugalandspakken. 

I stortingsproposisjonen er det lagt opp til ei netto bompengeinntekt på 116 millionar kroner (2006-kroner) det første innkrevingsåret. For 2011 er talet 160 millionar kroner, netto.

Innkrevjingsperioden av bompengar er sett til 15 år.