Her er eit kart over den anbefalte traseen

Statens vegvesen har laga forslag til kommunedelplan med konsekvensutgreiing og legg denne ut til høyring og offentleg ettersyn.

- I planområdet er det mange konfliktar. Vi har jobba mykje, og det har vore utfordrande å finne alternativ som tar vare på både miljø, omgjevnadar og kulturminner. Vi har klart å finne ein trasé/korridor vi kan anbefale, fortel prosjektleiar Bjørn Åmdal i Statens vegvesen.

Nokre fakta

  •  Prosjektet er ei del av Haugalandspakken
  • Den planlagde strekninga er ni kilometer
  • Planen inneheld toplanskryss på Eide, Håvik og Bygnes, samt tilknyting til Helganesvegen 
  • Vegen blir 12,5 meter breidd med midtdelar
  • Forbikøyringsfelt i begge retningar
  • Prisen på det anbefalte alternativet er rundt 1150 millionar kroner

Ope møte


Den 3. april klokka 18. blir det informasjonsmøte i kommunestyresalen på rådhuset i Kopervik. Ei veke seinare er kontordag frå klokka 14. til 19. på rådhuset.