To grupper er oppretta i samband med dette:

  • ei politisk styringsgruppe
  • ei administrativ koordineringsgruppe

Henry Damman, Statens vegvesen, er tilsett som prosjektleiar for Haugalandspakken.

Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland, er leiar for den politiske styringsgruppa, som elles består av politiske representantar frå Rogaland fylkeskommune og dei sju involverte kommunane.

Representantar frå administrasjonen i Rogaland fylkeskommune og dei involverte kommunane sit i den administrative koordineringsgruppa saman med representantar frå Statens vegvesen og éin felles representant for Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen i Hordaland. Astrid Eide, leiar for Vegvesenet si vegavdeling i Rogaland, leiar gruppa. 

Korleis fungerer beslutningsprosessen?

Vi skal prøve å gje ei grov framstilling av det under, steg for steg frå 1 til 9: 

  1. Statens vegvesen utarbeidar på fagleg grunnlag eit forslag til rekkefølgje over prosjekta i Haugalandspakken.
  2. Forslaget sendast til den administrative koordineringsgruppa.
  3. Koordineringsgruppa vurderer på fagleg grunnlag forslaget og kan i si behandling endra den føreslåtte prioriteringa.
  4. Koordineringsgruppa utarbeidar sitt forslag, som sendast til den politiske styringsgruppa.
  5. Styringsgruppa vurderer forslaget og kan i si behandling endra den føreslåtte prioriteringa frå koordineringsgruppa.
  6. Styringsgruppa utarbeidar sitt forslag over prioriteringsrekkefølgja over prosjekta i Haugalandspakken.
  7. Fylkestinget tek den endelege avgjersla når det gjeld prosjekt på fylkesvegar.
  8. Staten fattar vedtak som gjeld stamvegar (europavegar).