Dei statlege hovudvegane vart kalla kongevegar eller "kongsvegen". Først i veglov av 1824 vart nemninga kongeveg avløyst av hovudveg (Den Bergenske hovudveg).

Oppgraderinga av vegen over Filefjell starta på austsida av fjellet i 1789 og stod ferdig i 1790–91. På det vanskelegaste partiet på vestsida vart vegen antakeleg opparbeidd i 1792–93.

På austsida vart anleggsarbeidet utført av ein militær kommando, medan det på vestsida vart utført av soldatar, og av lærdøler på pliktarbeid.

Traseen

Frå gamle tider gjekk ferdsla over Filefjell frå Lærdalsøyri, opp dalen og over vanskiljet på Filefjell. Frå Maristuen gjekk allmannavegen i retning nordaust mot Gamlestøgofjellet. Men Kongevegen fylgde ikkje denne traseen, den vart i staden lagt lengre vestover.

Trasévalet vart bestemt då generalvegindendant Peder Anker frå Akershus stift og generalvegmeister Christopher Johannes Hammer i Bergenshus stift møttest på Filefjell i september 1789. Dei bestemte at den nye køyrevegen over Filefjell skulle gå frå Nystova i Vang og vestover mot Kyrkjestølen. Der skulle vegen ta over mot sørsida av hovuddalføret, over Suleelvi og opp mot Murklopphøgdi der grensa mellom dei to stifta var.

I om lag 1200 meters høgde skulle vegen gå sørvestover innover fjellviddene til Håvarden og vidare bratt ned mot Maristova. Heile strekninga var på knapt to gamle norske mil, 22 km.

Base for arbeidet var Maristova. Maristova er den eldste kjende fjellstova på Filefjell. Her var det selehus eller fjellstove alt i mellomalderen, kan hende alt på 1100-talet.

Kongevegen over fjellet var i bruk i knapt 50 år til ut på 1840-talet. Vegstykket mellom Maristova og toppen av fjellet ved Håvarden viste seg å vera altfor tung og bratt for hest og kjerre, og ei omlegging var naudsynt. Difor vart vegen lagt ned i hovuddalføret Smeddalen til Kyrkjestølen. Denne vegen, som stod ferdig i 1843, ligg delvis parallelt med stamvegen i dag, E16, og delvis i same trasé.