I Vindhella, mellom Borgund og Husum, ligg fire generasjonar vegar.

Den eldste vegen ligg på austsida av fjellet Klanten. Det vart sagt at ridevegen på sørsida av Klanten, mellom Vindhella og Borgund stavkyrkje, vart nytta av Kong Sverre i 1177, og at den difor går under namnet "Sverrestigen".

Då Kongevegen vart bygd i 1793 vart vegen lagt på austsida av Klanten, gjennom eit bratt skar, og med ei stigning på heile 1:4.

Stigninga vart altfor bratt for hest og vogn, og difor vart det bygd ny køyreveg gjennom Vindhella i 1840-åra. Den 2,7 km lange køyrevegen frå 1843 går i slynger gjennom Vindhella, og kallast Vindhellavegen. Denne vegen vart bygd etter nye byggeprinsipp som til dels ikkje var utprøvd tidlegare i Noreg. Den ligg høgt i terrenget, og besto av fire 180 graders svingar, bygd opp av skyhøge steinmurar. Den gamle Kongevegen frå 1793 er synleg mellom slyngane og utanfor traseen.

På grunn av stigninga som framleis var bratt, fekk Vindhellavegen kun ei brukstid på 30 år. I 1872 vart den avløyst av ein ny veg langs elva gjennom Nesbergi.