I samband med restaureringsarbeidet dei siste to åra på Kongevegen over Filefjell, vart eit spesielt byggverk reist i Galdane i Lærdal. Ein ni meter lang trebru, konstruert etter generalvegmeister Christopher Hammer sin "veijinstrux" frå 1794. Instruksene frå Hammer er nedskrivne utan teikningar, og bruavdelinga i Vegdirektoratet har difor bidrege med detaljerte teikningar til prosjektet.

- Takka vere fantastisk innsats av mange dyktige fagfolk har Kongevegen over Filefjell no fått ei usedvanleg flott perle av ei bru. Ei bru me trur generalvegmeister Hammer ville ha vore stolt av, seier prosjektleiar Jan Adriansen på Kongevegen over Filefjell.

Sjå timelapse-video av bygginga her:

Måndag 19. oktober vart den gamle brua flydd ut med helikopter, og stokkar og tjærebreidd material frå Hallingdal vart frakta inn. Lufttransport vart nytta for å ikkje skade den museale kongevegen.

Dei neste dagane gjekk arbeidet slag i slag, og onsdag ettermiddag hadde snikkarane Arne og Kjell Stende frå "Alle Gode ting er Tre" i Vang gjort ferdig sin del av jobben, med god hjelp frå dei to vandrande handtverkarane Dominic Gressing og Dominik Eisenhardt frå Tyskland.

Smed på plass

Hjerleid skole og handverkssenter på Dovre har smidd over 500 spikar og ei rekkje boltar med tilhøyrande splintar til prosjektet. Dei handsmidde spikrane er kopiar av spikrar som tidlegare er funne langs Kongevegen. Faglærar og smed Benjamin Kjellman-Chapin og lærlingen Marcus Jensen tok vegen frå Dovre for å gjere ferdig den siste resten av smedarbeidet på plassen.

Torsdag og fredag murte sherpaer frå Nepal opp dei siste steinane i brukara, slik at overgangen mellom bru og oppmurt veg vart fin. Dermed kunne deltakarane på turløpet "Galdane Rundt" løpe over den splitter nye brua på lørdagen.

Kongeleg monogram

No i etterkant skal dei 4 endestolpane utstyrast med diverse «pynt» (det skjer truleg i vinter), og brua skal få eit ekstra lag med tjære, truleg til våren, før snøsmeltinga tek til.

Frå Slottet er det gjeve godkjenning av at Kong Harald sitt monogram kan pryde brua, som også skal få sitt eige nummer i det norske bruregisteret.