- Det spesielle med Kongevegen er ikkje at det er eit historisk monument, men korleis den gjennom historisk dokumentasjon dannar grunnlag for ny næring, sa Ola Bettum, landskapsarkitekt og juryleiar for Vakre vegars pris.

Samarbeidsprosjekt

Dei to kommunane og fylkeskommunane på begge sider av fjellet har saman med Statens vegvesen, Riksantikvaren og næringslivet gått ilag i eit samarbeidprosjekt for å ta vare på Kongevegen, og legge til rette for framtidig bruk som arena for kulturminnevandring, friluftsliv og næringsutvikling.

Målsetjinga for arbeidet er ein samanhengande turveg frå Vang i Valdres til Lærdalsøyri.

I samband med opprustinga har det blitt lagt spesiell vekt på at arbeidet skal utførast historisk korrekt, utan bruk av moderne maskiner og med tradisjonelle teknikkar. Det har mellom anna vore henta inn sherpaer frå Nepal for å restaurere dei flotte tørrmurane i området.

Eineståande i sitt slag

Fredag 11.september var det utdeling av Vakre vegars pris for 2014, med overrekking av diplom til alle som har delteke i prosjektet, og avduking av plakett ved Vindhellavegen i Lærdal og ved Kvamskleiva i Vang.

Vakre vegars pris er oppretta og vert utdelt av Vegdirektoratet ved vegdirektøren, og er ein heiderspris for anlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgjevnadene.

Juryen er samansett av fagfolk utanfor etaten, og er leia av landskapsarkitekt Ola Bettum. Aldri før har dei fått så mange forslag som i fjor. Juryen valte difor å reise på synfaring på åtte utvalde kandidatar.

- Nytt av i år er at det delast ut to prisar, ein til eit nytt anlegg og ein for drift og vedlikehald. Dette var dermed første gong at Vakre vegars pris gjekk til ein historisk, om enn oppdatert, veg, forklarte juryleiaren.

Vakre vegars pris 2014 gjekk til Skjarvelandet på Havøysundvegen i Finnmark og Kongevegen over Filefjell.

Her kan du lese heile juryens uttalelse

Ifølgje juryleiaren er det også første gong at ein i bygginga av eit stort og ambisiøst europaveganglegg parallelt samlar mange aktørarar for å ta vare på veghistoria i same område.

- Prisen handlar om å sjå verdien av å ta vare på fleire slags transportsystem, også frå den gong det å ta seg fram ikkje var like sjølvsagt som i dag, sa Bettum.

- Byggjer ikkje veg for oss sjølve, men for samfunnet

Også vegdirektøren trakk i si tale parallellar mellom Kongevegen og dagens utbygging av E16 over Filfefjell.

- Vi byggjer ikkje veg for oss sjølve, men for samfunnet. Det var hensikten også den gongen dei bygde Kongevegen, sa Aksnes og viste til Vegvesenet sin visjon; På veg for eit betre samfunn.

Aksnes nytta difor høvet til å understreke kor viktig det er at regjeringa kjem med løyvingar til å fullføre heile E16 Filefjell-prosjektet, heilt til Øye, eit poeng som hausta stor applaus blant publikum i salen.

Mjuke trafikantar

Prosjektet E16 Filefjell har løyvd 15 millionar til den gamle Kongevegen. Midlane har mellom anna gått til kursing i gammal muringsteknikk.

Til dei som lurer på kvifor bruke så mykje pengar på ein veg som har gått ut av dato, har regionvegsjef Helge Eidsnes svaret klart.

- Vi har eit ansvar også for vår felles kulturhistorie, og vi ser at slike tiltak ofte kjem dei mjuke trafikantane til gode, sa Eidsnes, og peika på at tiltak på gamle vegar blir positivt motteke av omverda, som ser verdien av kombinasjonen verdiskaping og kulturvern.

Kongevegen – ressurs og forplikting

Banda, for ikkje å seie blodsbanda, har alltid vore tette mellom Vang og Lærdal, dei to kommunane på kvar si side av fjellet. At tonen er god var også tydeleg då dei to ordførarane, Jan Geir Solheim i Lærdal og Vidar Eltun frå Vang ynskte velkomne til feiringa.

- Kongevegen var i si tid ikkje berre den einaste, men den viktigaste vegen mellom aust og vest. Opp gjennom åra har det vore mykje kontakt over fjellet, og vi har støtta kvarandre i gode og tunge tider. No knyter Kongevegen oss på nytt saman, om enn på ein annan måte gjennom sykling og vandring, sa Eltun.

Å vere heimkommune til nasjonale vegminner er ein stor ressurs, men samstundes noko som forpliktar, vedgjekk Lærdals-ordføraren. Det skal bli tungt å bære ordførarkjedet for den som gløymer Kongevegen, lova han.

- Lærdal kommune har ei stor oppgåve føre oss med å fullføre arbeidet på Kongevegen. Vi lovar å ivareta og vedlikehalde den godt, og denne prisen forpliktar oss til å ta vare på Kongevegen for all framtid, sa Solheim.