Kvammapakken omfattar ni delprosjekt/tiltak på fv. 7 og fv. 49 i Kvam herad og er er hovudsakleg bompengefinansiert.

  • Arbeidet med Kvammapakken starta i 2009.
  • I 2009 ble det utført førebuande arbeid med planlegging og klargjering for prosjekta Skarpasvingen–Øystese aust og Nes Norheimsund. Det vart òg gjort førebuande arbeid for oppsetting av bomstasjonar.
  • I 2010 starta bygging av parsellen Øystese vest-Nes. Bomstasjonane kom opp dette året, og har kosta 7,3 millionar kroner.
  • I 2011 vert Børvenestunnelen ferdig.
  • I 2012 heldt arbeidet fram på strekninga Øystese vest-Nes, og arbeidet med Vikøy–Norheimsund og Nes–Norheimsund starta opp.
  • I 2013 starta arbeidet på Lingaparsellen del l.
  • I 2014 heldt arbeida på desse fire strekningane fram: Øystese vest–Nes, Vikøy–Norheimsund, Nes–Norheimsund og Lingaparsellen del I.
  • I 2015 vart arbeidet på Skarpasvingen Øystese aust og Lingaparsellen del II starta opp, arbeidet på Nes–Norheimsund heldt fram, medan Lingaparsellen del I og Vikøy–Norheimsund vart avslutta.
  • I 2016 og 2017 vart Linga II avslutta.
  • Nes-Norheimsund vart avslutta sommaren 2018 medan det arbeidet som er finansiert på Skarpasvingen–Øystese aust er forventa å vere ferdig i desember 2018.