Kjekk dag var det óg for Hordaland fylkeskommune, hovudentreprenør Veidekke as og Statens vegvesen. Det vart nok dessutan ei ny tid for bebuarane rundt Børveneset.

Gratulerer med dagen
Mykje folk hadde møtt fram og véret heldt seg tørt til etter at fylkesordførar Tom-Christer Nilsen hadde kutta snora og Øystese skulemusikklag hadde fargelagt dagen med fin musikk.

Regionvegsjef Helge Eidsnes greidde ut om prosjektet, og sa seg svært nøgd med samarbeidet med hovudentreprenør Veidekke as og alle som har gjort ein innsats. Spesielt godt er det at prosjektet er gjennomført utan ulukker.

Så fekk fykesordførar Tom-Christer Nilsen mikrofonen; Han takka for vel utført arbeid, og ettersom han sto med ryggen til tunnelopninga, vona han at det var godt stengd på andre enden. Så fekk han kutte snora og erklære vegen for opna.

Her var utdeling av refleksvestar til alle som ynskte seg ein ny, og busstur for inviterte gjestar gjennom det nye veganlegget etter opninga. Vidare var dei same gjestane inviterte til lunsj på Hardangerfjord hotell.

Mange godord
Fylkesmann Lars Sponheim helsa og gratulerte til alle som lever for og av vegbygging. På si ferd mellom Bergen og Hardanger er han – etter at den grønne “godblunken” ved bomstasjonane kom -  nøye med å reise like ofte på fylkesveg 7 som på E16.

-De la sikkert merke til at fylkesordførar Tom-Christer Nilsen vart avvæpna rett etter opninga, sa regionvegsjef Helge Eidsnes. Men no skal han få kniven til odel og eige, og den er brukt kun éin gong.

Styreleiar i Kvam bompengeselskap, Reidun Rasmussen Mjør tykkjer det er leitt at vi må drive “loddsal” for å få brukande vegar i Kvam. Det har óg vore stor usemje om plassering av bomstasjonane.
- Men no kjem pengane inn og vi klarar å levere på budsjett – det er vi stolte av, sa ho.

Kåre Strand i Veidekke as fekk ordet:
- Det er to hyggelege dagar i eit prosjekt – den dagen vi får oppdraget og den dagen vi er ferdige. Han takka for godt samarbeid både med oppdragsgjevar og vegnaboar som har vist stort tålmod og stor velvilje.  

Elles var ordførarane i nabokommunane med og gratulerte, og mange blomsterbukettar skifta eigar; Ein god novemberfredag i Kvam!