Deler av vegnettet i Kvinnherad er i dårleg stand. Dette gjeld både med omsyn til framkoma og i høve trafikktryggleik. For det lokale næringslivet er konsekvensen av dagens vegstandard svekka konkurransekraft. På sikt vil dette kunne gå utover busetnaden i kommunen. Føremålet med pakken er å snu denne utviklinga, frå stagnasjon til vekst. Dette kan ein oppnå mellom anna ved å effektivisere kommunikasjonen i kommunen.

Kvinnherad kommune har i rapporten: «Kvinnheradpakkens prioritering og finansiering av samferdselsprosjekt», datert april 2016, kartlagt behovet for investeringar i vegprosjekt som kommunen meiner det er naudsynt å gjennomføre, for å oppretthalde konkurransekrafta for det lokale næringsliv og busetnaden i kommunen. 

Oversiktskart Kvinnheradpakken