Formål med planen er å sikre den mest skredutsette strekninga innanfor planområdet, og dette ved å regulere ein rassikringstunnel. Forprosjektet frå mars 2018, sjå vedlegg, tilrår den kortaste tunnelen som det no vert starta planarbeid med. Lengde på tunnelen er ca. 1400 meter, sjå planavgrensing:

Plangrense Fv. 551 Kroka–Sundal

Planarbeidet omfattar i tillegg deponiområde for overskotsmassar på ein anna teig, ved Dysnes i Austrepollen. Området er eit tidlegere deponi frå utbygginga av Folgefonnstunnelen. Tiltaket er ikkje vurdert som spesielt stort, og massane som vert lagra vil verta nytta til utbyggingsprosjekt som pågår i kommunen. Arealet er ca. 50 daa, sjå kartutsnitt med planavgrensing:

Plangrense Deponi fv. 551 Kroka–Sundal

Planarbeidet vert eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Kvinnherad kommune jf. referat frå oppstartsmøte. Sjå vedlegg.
Det er eit mål at Statens vegvesen sender forslag til reguleringsplan til handsaming i Kvinnherad kommune innan utgangen av 2019.

Det er vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing, sjå vedlagt notat datert 16.04.19. Konsekvensane av vegtiltaket vil bli vurdert og gjort greie for i planomtalen som ein del av planarbeidet.

Folkemøte

Det er planlagt å halde to folkemøte som del av planarbeidet, og første møte vert tirsdag 28.05.19, kl. 18–20 på Mauranger skule.

Innspel

Innspel til planarbeidet skal sendast innan 14. juni 2019 som til:

Kontakt

Spørmål kan rettas til planprosjektleiar Gunn Cecilie Omre tlf. 958 36 717, eller e-post: gunn.omre@vegvesen.no