Fylkesveg 551 er utsatt for skred av stein, is og snø. Vegen er smal og uoversiktleg med stedvis liten sikt, noko som gir dårlig fremkomst.

Hovudformål med prosjektet er å skredsikre vegstrekninga og betre framkomsten på fv. 551. Fylkesvegen er den einaste vegen ut og inn i Kvinnherad kommune via fastland.

Det er difor behov for å gjøre det tryggare og enklare å reise til og fra kommunen langs denne vegen.

Statens vegvesen har utarbeidd forprosjekt for skredsikring av fv. 551 mellom Tveitnes og Sundal i Kvinnherad kommune forbi den mest skredutsatte delen av vegstrekninga.

Forprosjektet tilrår at det blir bygd kort tunnel mellom Kroka og Sundal.

Ny tunell inkl veg i dagen skal gje betre trafikktryggleik, betre framkomst og betre miljø. Prosjektet skal gje lågare risiko for uønska hendingar knytt til skred.

Planarbeidet er del av Kvinnheradpakken som Kvinnherad kommunestyre slutta seg til 25.10.2018, og planområdet omfattar vegstrekninga frå avkøyring til Kroka til og med Musskjerneset, samt ein teig på eigedom 57/1.