Nordhordlandspakken omfattar prosjekt og tiltak på fylkesvegar og E39. Det er mellom anna lagt opp til bygging av nye fylkesvegar, utbetring av eksisterande fylkesvegar og utviding av E39 gjennom Knarvik sentrum. For auka trafikktryggleik og for å redusere talet på ulykker, leggast det opp til bygging av gang- og sykkelvegar. I tillegg er det lagt opp til å styrke kollektivtrafikken og leggje til rette for meir miljøvennlege transportløysingar.