Tidlegare arbeid med reguleringsplan for kollektivfelt i Oalsgata i Sandnes blei stansa i mars 2013 fordi ein venta på å få avklart plassering av ny hovudtrasé for kollektivtrafikk mellom Kvadrat og Sandnes sentrum. Det er avgjort at Bussveien skal leggast til Strandgata.

Hausten 2016 laga Statens vegvesen, på oppdrag frå Sandnes kommune, ein studie for å sjå på moglege alternativ for å etablere eit godt tilbod til gåande og syklistar, eventuelle bussfelt, og med naudsynt kapasitet for annan trafikk i fylkesveg 509 Oalsgata. Moglegheitsstudien har danna grunnlaget for reguleringsplanarbeidet som starta i mai 2017. Målet er å ha ein vedtatt reguleringsplan i løpet av første halvår 2019.