Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Her kan ein lese om korleis Ålesund skal ruste seg for å møte framtida med miljøvennlege og effektive samferdselsløysingar

I bypakken skal Ålesund kommune, Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid bruke fire milliardar kroner på å betre vegane, bygge sykkelvegar, sikre dei mjuke trafikantane og legge til rette for auka bruk av kollektivtransport.

-Bypakken er ikkje berre eit miljøtiltak, men også eit tiltak for ønskt byutvikling, og for strategisk transportplanlegging til og frå sentrum, seier leiar for sekretariatet for Bypakken, Nils Inge Romarheim.

På bypakkealesund.no finn ein relevante nyheiter, og prosjekta i Bypakken er fordelt på kategoriane sykkel, kollektiv, veg og trygg skuleveg. Her er kart, foto og forklaringar om dei prosjekta som er vedtatt.  Ei digital kartløysing vil kome om kort tid.

- På nettsida vår skal det vere enkelt å få informasjon om kva prosjekt Bypakken vil bidra til, og kva dette har å seie for innbyggarane. Ein finn også eit kart som viser kvar dei tre snitta for bomstasjonane vil kome, seier leiar for styringsgruppa for Bypakken, Tore Johan Øvstebø.

Mål å redusere biltrafikken

Det er eit mål frå sentrale myndigheiter å redusere biltrafikken i norske byar. Difor har bypakken i Ålesund fleire hovudmål:  

  • Byen skal ha eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer. Transportsystemet må møte veksten i transportsektoren.  
  • Bypakken skal bidra til å utvikle framtidsretta kollektivtilbod.  
  • Bypakken skal bidra til attraktiv og berekraftig byutvikling. 

Nettsida er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Klikk deg inn og les meir i nettløysinga: Bypakke Ålesund (bypakkealesund.no)

Kontaktpersonar for pressa:

  • Tore Johan Øvstebø, Leiar i styringsgruppa for Bypakke Ålesund, tlf 480 65 647
  • Nils Inge Romarheim, Sekretariat for Bypakke Ålesund, Statens vegvesen, tlf 906 59 309
Bilde fra nettside
På nettsida vår skal det vere enkelt å få informasjon om kva prosjekt Bypakken vil bidra til, og kva dette har å seie for innbyggarane.
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal