Artikkelen er fra 2010, og innholdet kan være utdatert.

- Vi inviterer til eit nytt møte i Samarbeidsgruppa 6. oktober der ulike aktørar skal få presentere sine behov og viktigaste problemstillingar for E39 mellom Søgne og Ålgård, seier Karl Sandsmark, prosjektleiar for konseptvalutgreiinga.

- På møtet er det sett av god tid til å gå gjennom dei ulike utkasta til konsept som er sett opp som alternativ for E39 Søgne-Ålgård, fortel Sandsmark. 

Statens vegvesen gjennomfører ei konseptvalutgreiing (KVU) for E39 Søgne-Ålgård. Hensikten med utgreiinga er å avklare korleis transportbehova mellom Søgne i Vest Agder og Ålgård i Rogaland kan løysast på beste måte.

Aktuelt for fylke(r): Agder, Rogaland