Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har i dag fått inn anboda for Bergumkrysset, det fyrste tiltaket som blir bygd i Førdepakken. Det var stor interesse for arbeidet, og det lokale firmaet Entreprenørservice har den lågaste anbodssummen.

Det kom i alt inn åtte anbod for jobben med utbygging av rv. 5 Bergumkrysset:

Namn på tilbydarAnbodssum ekskl.   mva
Lemminkainen Norge AS47.389.622,-
Magne Hafstad AS45.493.250,-
Entreprenørservice AS37.985.679,-
Røyseth Maskin AS47.193,820,50
Contexo AS47.746.767,-
Mesta AS44.381.697,87
Vassbakk og Stol AS46.226.973,43
K.A.Aurstad AS39.940.764,55

- Vi er godt nøgde med konkurransen og dei mottekne tilboda, seier prosjektleiar Ingar Hals.

No startar arbeidet med å kontrollrekne anboda og sjekke at all dokumentasjon er lagt ved, før Statens vegvesenet tek ei endeleg avgjerd om kven som får oppdraget.

- Vi reknar med at bygging i Bergumkrysset tek til i slutten av mars. Etter mykje arbeid med planlegging og førebuing skal det no bli godt å kome i gang med det fyrste tiltaket i Førdepakken, seier prosjektleiaren.

I Bergumkrysset skal ei rundkøyring erstatte to T-kryss med dårleg sikt, noko som vil gje betre trafikktryggleik. I prosjektet inngår og bygging av ein fotgjengarundergang og ein del støyskjermar.

Bergumkrysset på riksveg 5. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland