Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har lyst ut oppdraget med å bygge ny rundkøyring i Bergumkrysset i Førde. Om alt går som planlagt kan anleggsarbeidet starte i mars 2017.

Ved Bergum på riksveg 5 skal det byggast ei ny rundkøyring til erstatning for dei to T-kryssa. Det skal og byggast ein undergang for fotgjengarar og syklistar, og i tiltaket er det også ombygging av riksvegen på ein strekning på litt under 600 meter.

- Det er i dag dårleg sikt i dei eksisterande kryssa på Bergum, og dette tiltaket vil gi betre trafikktryggleik, seier Ingar Hals, prosjektleiar i Førdepakken.

Tiltaket blir gjennomført i samsvar med vedteken reguleringsplan. Denne ligg på prosjektet sine sider på vegvesen.no.

Framdrift

Anbodet skal no ligge ute dei neste månadane. Fredag 6. januar inviterer Statens vegvesen til tilbodssynfaring på Bergum, der interesserte entreprenørfirma får høve til å sjå området og stille spørsmål til konkurransegrunnlaget.

Frist for å levere inn tilbod er 3. februar 2017. Det blir signering av kontrakt i midten av mars, og oppstart kort tid etterpå.

- I tida fram til anleggstart vil vi ha vidare dialog med aktuelle grunneigarar, seier Hals.

Bergumkrysset på riksveg 5 i Førde. Foto: Ingar Hals
Aktuelt for fylke(r): Vestland