Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

I september skal ein borerigg gjere undersøkingar mellom Hafstadparken og fv.484 Kronborgvegen. Målet er å samle viktig informasjon til planarbeidet i prosjekt 10, bygginga av ein ny gang- og sykkelveg.

Det vert og jobba med å kartlegge eventuelle stader der ein kan krysse over Jølstra eller Anga med ei gangbru mot Sjukehuset/Vievegen.

- Vi skal gjere grunnundersøkingar med ein beltegåande borerigg. Desse undersøkingane skal gje oss oversikt over grunnforholda i området – kor djupt er det ned på fast fjell og kva type lausmassar som er i området, forklarer planprosjektleiar Magna Vangsnes.

Denne informasjonen må planleggarane ha når dei skal vurdere kva som trengs av masseutskifting, om det er telefarlege massar, stabilitet og setningar og korleis konstruksjonar og bruer kan fundamenterast, fortel planprosjektleiar.

Vidare vert det gjennomført synfaringar og møter med grunneigarane for å få oversikt over tilhøva. 

- I første omgang legg vi opp til å få avklart trase for gang- og sykkelvegen frå Hafstad-parken til Kronborgvegen. Vidare jobbar vi med å klarlegge om det er aktuelt å byggje bru over Jølstra eller Anga, og kvar det kan vere aktuelt å legge ei bru. Vi tek sikte på legge fram førebelse vurderingar i høve brukryssing i oktober 2016, seier Vangsnes.

Vi håpar å legge forslag til reguleringsplan ut på offentleg høyring i juni 2017 og at planen er godkjent innan utgangen av 2017. Planlagt byggestart for dette prosjektet er i 2019.

Ein av stadane som skal undersøkast som mogleg kryssingspunkt for ei bru. Foto: Magna Vangsnes
Aktuelt for fylke(r): Vestland