Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Det var hektisk aktivitet og stort engasjement på verkstaden om konseptvalutgreiinga for E 134 – arm til Bergen. Men slåstkamp blei det heldigvis ikkje.

– Det er mange omsyn å ta, og mange som har stor interesse av å få vegen i nærleiken av seg. Samstundes må vi sjå på kva for ein trasé som gir oss den beste samfunnsøkonomiske løysinga, seier Morten Ask, som leiar utgreiinga av E134-arm til Bergen. Han hadde invitert representantar frå ulike deler av samfunnet til verkstaden – her var politikare og kommuneadministrasjon, ulike interessegrupper og selskap som taler «sin veg» si sak, og her var Kystverket og andre samferdsleaktørar.

Det var stort engasjement rundt, i og over kartene på KVU-verkstedet i Bergen.
Det var stort engasjement rundt, i og over kartene på KVU-verkstedet i Bergen. Foto: Ingvild Amble

Konkrete spørsmål gir konkrete svar

Verkstaden var lagt særs strukturert opp, med ulike bolkar med konkrete spørsmål. Vegvesenet stilte med gruppesekretærar, og dei ulike svaralternativa blei diskuterte i plenum. Eit gjennomgåande tema er den dårlege vegstandarden på Vestlandet, og kva den betyr for folk flest og for utviklinga av samfunna langs norske fjordar og fjell. Men aller mest uroa var verkstaddeltakerane for næringslivet og dei forholda vegane gir. Råvarer skal til bedriftene og ferdige produkt skal ut til kundane. Landbruket skal frakte ferske produkt, og verksamheitene er òg avhengige av at boområdene er attraktive for å tiltrekke seg kompetent arbeidskraft.

På spørsmål om kva løysingar dei så om ein ikkje skal bygge ny veg, kom svaret kjapt.
– Alternativ ein – då må vi flytte.

Viktig veg for Norge

– Det er greitt å kunne krangle godt med gode naboar i ein god tone. Og det er viktig at vi får kome med innspel og våre alternativ, og at vi får ytre oss om kva utfordringar vi har, kvar på vår plass, sa Sverre Olav Handeland frå Sunnfast AS då verkstaden nærma seg slutten.

– Vi ynskjer alle utvikling av dette området, det er særs viktig for lokalsamfunna, men òg for heile Norge. Så får vi satse på at det beste alternativet vinn. Eg har tillit til at Vegvesenet, som ein objektiv part, finn den beste totalløysinga, og eg har stor respekt for den jobben som nå skal gjerast.
Handeland er innforstått med at ikkje alle kommer til å vinne fram med si sak. Nokre kommer til å ikkje få vilja si.

– Men uansett kva løysing Vegvesenet kjem fram til, blir det bra for Norge å få ein veg som kortar ned avstanden mellom aust og vest. Alle alternativa er samfunnsmessig fornuftige, men dei løyser litt ulike behov. Dei som taper denne kampen må tenkje nytt for å finne gode alternative løysingar for sitt område. Eg håper i alle fall at vi slepp omkampar når Vegvesenet først har bestemt seg.
Også Per A Svindland, som møtte som forslagsstillar og privatperson, meiner at det uansett er bra for Norge å få en veg mellom aust og vest.

– Ikkje alle kjem til å bli nøgde, men det må vi leve med, seier han.

Lærer av kvarandre

– Verkstaden var sprek, og det blei gode og nyttige diskusjonar i gruppa, seier Turid Susort Jansen frå Kystverket, som synest prosessen var særs ryddig og at det kom mange ulike nyttige innspel.

– Gruppa var godt sett saman, og dei konkrete spørsmåla gjorde at vi kunne vere spesifikke i svara våre. Vi lærte mykje av kvarandre, sa ho.

– Det er bra å starte såpass breitt og snevre inn etter kvart, og så håper eg våre innspel blir tekne på alvor av prosjektet og at vi har ein viss påverksnad i prosessen.
Morten Ask seier at han startar prosessen med heilt blanke ark.

– Eg har ingen agenda, ingen løysing eg ynskjer å trumfe gjennom. Her skal alle kome til ordet, og vi skal ha fleire opne møte før vi kjem i nærleiken av å kunne legge frem konkrete forslag.