Statens vegvesen byrjar onsdag arbeidet med ny b-kai på Festøya (Festøya vest). Dette vil gje endringar i køyremønsteret for dei reisande.

– Vi må gjere om trafikken i byggjeperioden då delar av dei nye konstruksjonane vil  påverke vegen, seier Olav Megrund, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Frå onsdag denne veka blir b-kaia sperra av og ikkje tilgjengeleg for bruk. Ferjene til Solavågen og til Hundeidvik vil begge gå frå a-kaia (Festøya øst). Dette er tydeleg merka for dei reisande.

Endra oppstillingsfelt for reisande til Hundeidvik

Det er dei reisande til Hundeidvik som vil oppleve dei største endringane i byggjeperioden.

  • Området som tidlegare var oppstillingsfelt, blir nytta som ordinært køyrefelt.
  • Nye oppstillingsplassar blir i feltet som til no har vore nytta av rutebilar.

Oppstillingsfeltet for reisande til Solavågen er ikkje endra, men det bli kortare for å gi rom til spesialtransport.

Ny kai skal stå ferdig sumaren 2022.

Slik blir køyremønsteret på Festøya ferjekai.
Slik blir køyremønsteret på Festøya ferjekai.

Kort om prosjektet

Betongkonstruksjonane på b-kaia slik den er i dag er i for dårleg stand. Alt i betong rivast og erstattast med ny konstruksjon. Når den nye b-kaia står ferdig vil ho bli nytta som liggjekai/reservekai.

Kontaktperson i Statens vegvesen:

Prosjektleiar Olav Megrund, epost: olav.megrund@vegvesen.no, tlf  95238900.

Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal