Opnar 60 nye parkeringsplassar på Sulesund
I dag, onsdag 9. januar, vert delar av den nye parkeringsplassen og dei nye oppstillingsfelta tekne i bruk ved Sulesund ferjekai.
Nokre av parkeringsplassane vert framleis brukt av anleggsmaskiner, og reisande blir bedne om å vere spesielt merksame på anleggstrafikken i området:
Frå onsdag av blir det tilgjengeleg 60 nye parkeringsplasser ved ferjekaia. Desse kjem i tillegg til allereie eksisterande parkeringsplassar.
- Å ha nok parkeringmoglegheiter har vore utfordrande i delar av byggefasen. Derfor hadde vi eit ønske om å ta i bruk det nye arealet så snart som mogleg, seier prosjektleiar Olav Megrund.
Inntil vidare blir det på- og avkøyring ved den gamle ferjekaia.
- Den nye ferjekaia blir ferdigstilt i løpet av januar. Denne vil mest truleg vere i bruk med dieseldrift i byrjinga av februar, seier Megrund.
I løpet av februar vil ein installere dei nye ladetårna og medfølgjande aggregathus, slik at sambandet Hareid-Sulesund kan driftast med elektrisk ferje.
Arbeidet på kaia, som også inkluderer eit nytt servicebygg, er berekna å vere ferdig i april.
