Ei konseptvalutgreiing (KVU) for rv. 658 Ålesund–Vigra skal vurdere korleis sikkerheita og framkomsten kan varetakast med stadig aukande trafikk.

Ålesund-regionen har no den klart største konsentrasjonen av kapital, næringsliv og busette mellom Trondheim og Bergen, og den klart største veksten. Ålesund lufthamn, Vigra, er den største lufthamna mellom Trondheim og Bergen, med godt over ein million passasjerar årleg.

På strekninga rv. 658 Ålesund-Vigra ligg Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen, som vart opna i 1987, og er blant dei eldste undersjøiske tunnelane vi har i landet. Økt trafikk i desse tunnelane vil gje større sannsynlegheit for hendingar og behov for å stengje tunnelane i kortare eller lengre tid. Det finnst ingen omkøyringsmoglegheit for Valderøytunnelen til Giske kommune og Vigra lufthamn.

Utfordringsnotat for KVU rv. 658 Ålesund–Vigra blei oversendt Samferdselsdepartementet i juni 2021. 

I mars 2024 vart rapporten overlevert til Samferdselsdepartementet. Der kjem Statens vegvesen med ei todelt tilråding med ei vesentleg oppskalering av dagens busstilbod (K1), etablering av ei passasjerferje mellom Valderøya og Ålesund (K2) og ei oppgradering av dagens tunnellar og kryss (K3).

Dersom desse tiltaka ikkje gjev ein god nok effekt på i høve prosjektutløysande behov som er brannsikkerheit og tunneltryggleik, er tilråinga på sikt bygging av nye, parallelle tunnelløp.

Les rapporten her: Konseptvalutgreiing (KVU) rv. 658 Ålesund-Vigra.

Vedlegga til rapporten: Alle vedlegg 1-12 KVU rv. 658 Ålesund-Vigra.

Torsdag 21. mars vil det vere eit møte i referansegruppa for KVU rv. 658 Ålesund-Vigra, der Statens vegvesen vil gå gjennom rapporten og begrunne tilrådinga som er gjort. 

 

Last ned:

Referansegruppemøte KVU rv. 658 Ålesund-Vigra 210324.pdf

Referansegruppemøte KVU rv. 658 Ålesund-Vigra 280923.pdf

Presentasjon referansegruppemøte KVU rv. 658 Ålesund-Vigra 9. mars 2023

Presentasjon kollektivkonsept referansegruppemøte 9. mars 2023

Referat referansegruppemøte 9. mars 2023

Utfordringsnotat for KVU rv. 658 Ålesund–Vigra (PDF)

Tildelingsbrev fra samferdselsdepartementet 27. juni 2017

Supplerende oppdragsbrev fra samferdselsedepartementet 14. mars 2019

Presentasjon av Aud Tennøy (TØI) om KVU rv. 658 på ideverkstad 9. og 11. november 2021

Rapport frå ideverkstad KVU rv. 658 Ålesund–Vigra (PDF) 9. og 11. november 2021

Presentasjon frå referansegruppemøtet 8. desember 2022.

Referatet frå referansegruppemøtet 8. desember 2022.

Konseptvalutgreiinga vil sjå på fleire ulike konsept for å løyse utfordringane.

I KVU-arbeidet blir det brukt ein firetrinnsmodell for å utvikle konsept:

  1. Revurdere: Kan ein setje i verk tiltak som reduserer transportbehovet, eller kan andre transportformer utnyttast betre?
  2. Optimere: Kan den eksisterande infrastrukturen optimaliserast og gi meir effektiv utnytting?
  3. Byggje om: Kan ein byggje om eksisterande infrastruktur, til dømes utvide eksistande vegar?
  4. Byggje nytt: Dersom dei tre første trinna ikkje løyser det definerte behovet, står ein att med nyinvesteringar og større ombygging av infrastruktur.

Statens vegvesen reknar med at konseptvalutgreiinga kan vere klar i ved årsskiftet 2022/23. Dette er blant anna avhengig av kva utgreiingar som må gjerast.

Vei:
Rv. 658
Fase:
Utredningsfase
Kommuner:
Giske, Ålesund
Fylker:
Møre og Romsdal

Rv. 658 Ålesund–Vigra © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakter

Ole-Mathias Nes

Prosjektleiar
Telefon:
576 55 964
E-post:

Sist oppdatert: