Måndag 3. juni startar det opp anleggsarbeid langs Reperbanen i Sandviken. Arbeidet er ein del av ny gang- og sykkelveg frå Bradbenken til Glass Knag.

Det blir endra køyremønster for bilistar langs strekninga, og gang- og sykkelfeltet langs Fv. 577, mellom Gjensidigekrysset og Glass Knag, vil bli stengd. Vegbredden vil bli smalare enn dagens standard, men det vil bli opprettheldt to køyrefelt på strekninga. Trafikantar vil oppleve fleire omleggingar av køyrefelta i anleggsperioden.

Arbeid på kveld og natt

I samband med etablering av anleggsområde vil det natt til tysdag 4. juni gå føre seg kvelds- og nattarbeid frå klokka 20:00 måndag 3. juni. Arbeidet som skal gå føre seg er skilting og sikringsarbeid. Når anleggsarbeidet kommer i gang, vil arbeidet i hovudsak føregå mellom 07:00 og 15:00 måndag til fredag.

Anleggsarbeidet langs Reperbanen er omfattande, då det ligg mykje viktig infrastruktur i grunnen. Den nye sykkelvegen langs Reperbanen og Sandviksveien vert senka 1 til 1,5 meter ned, og Bergen Vann skal gjere arbeid med vassleidningar og kummar i grunnen.

Manuell dirigering ved Festningen

Frå tirsdag 4. juni og fram mot sommaren vil det bli innsnevring til eit køyrefelt og manuell dirigering mellom klokka 07:00-15:00 i området ved Bergenhus Festning/Bontelabo. I dette tidsrommet må trafikantar berekne noko lengre reisetid og noko kø. Resten av døgnet vil begge køyrefelt vere opne.

Kontaktperson:
Bjørn Rusten Lundberg
Byggeleder Statens vegvesen
Mobil: +4797422488
E-post: bjorn.rusten.lundberg@vegvesen.no

Aktuelt for fylke(r): Vestland, Bergen