Håpar på byggestart om eitt år
Statens vegvesen er i gang med å lage byggeplan for første etappe av sykkelstamvegen.
– Viss alt går etter planen kan vi starte bygging av første etappe etter påske 2017, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Kari Smådal Turøy.
Som ein del av Ryfast-utbygginga har vegvesenet allereie starta bygging av sykkelstamvegen heilt i nord, mellom Madlaveien og Schancheholen. Nå kjem første strekning som blir bygt utan å vere knytt til eit anna prosjekt.
– Vi startar med strekninga mellom Asser Jåttens vei og Løwenstrasse på Forus, ei strekning på cirka 3,5 kilometer, fortel prosjektleiaren.
Multiconsult har fått kontrakta for å lage byggeplanar og konkurransegrunnlag. Statens vegvesen gjer det same for alle bruer og undergangar på strekninga.
Strekninga mellom Asser Jåttens vei og Løwenstrasse er ein del av strekninga Sørmarka-Smeaheia, som for tida blir behandla av eksterne KS2-konsulentar (les gjerne meir om KS2-arbeidet her).
Prosjektet blir deretter lagt fram for Stortinget for bevilgning.