Artikkelen er fra 2015, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har sett nærmare på planane for Hafrsfjord bru. - Vi anbefaler ei opnare løysing enn den vi først føreslo.

Det seier prosjektleiar for Transportkorridor vest, Tore R. Johansen i Statens vegvesen.

Hafrsfjord bru er ein viktig del av planane for Transportkorridor vest.

- Vi har heile tida visst at det er utfordrande å få til ei god løysing i landskapet. Etter innspel frå Vegdirektoratet har vi endra anbefalinga vår til kommunane, seier Johansen.

Eit meir ope landskap

Statens vegvesen sendte i juni forslag til reguleringsplan for riksvegdelen av Transportkorridor vest til kommunane Sola og Stavanger. Kommunane er varsla om endringane.

- Løysinga vi har kome fram til er betre arkitektonisk enn den første. Nå går vi for ei lang bru på totalt 376 m. Då slepp vi å bygge ei høg mur på Prestaskjeret, forklarar Johansen. Han forsikrar at seglingshøgda er den same som før, 12 meter.

Separat gangbru til Prestaskjeret

Statens vegvesen har sidan midten av august vurdert til saman fem alternative løysingar for brua. Planleggarane har vurdert arkitektur og landskap, naturmangfald, nærmiljø og friluftsliv, i tillegg til kostnad.

- Det har vore viktig for oss å ivareta nærmiljø og friluftsliv. I den nye anbefalinga har vi trekt det sørlige landkaret for Hafrsfjordbrua cirka 50 meter nordover. Då blir det mogleg å bygge ei eiga gangbru på om lag 120 meter, som sikrar turgåarar fortsatt tilkomst til Prestaskjeret, seier Johansen. 

I det nye forslaget aukar kostnaden for brua frå 505 millionar kroner til 592 millionar.

Høyring og informasjonsmøte

Forslag til reguleringsplan blir behandla i dei to kommunane i haust. I Stavanger den 17. september og i Sola 23. september. Kommunane bestemmer sjølve om planen blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn.

- Det blir det også informasjonsmøte og opne kontordagar i høyringsperioden, der dei som ønskjer får sjansen til å stille spørsmål eller diskutere løysingar nærmare, seier prosjektleiaren.

Område nær fugleskjær på innsiden av bruene, sett mot Jåsund
Statens vegvesen anbefaler ny og opnare løysing for Hafrsfjord bru. Her mot Jåsund. Foto: Norconsult for Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Rogaland