Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Neste veke får tungtrafikken mellom Flyplassvegen og Tanangervegen på Sola eit eige køyrefelt.

Når den nye strekninga med fire felt forbi Sola skole opnar 9. november, blir eitt av felta i kvar retning berre for tungtrafikk.

Så langt gjeld det strekninga frå Sømmevågen til Sola skole. Etter kvart kjem eige felt heilt til Risavika.

- Målet er betre framkomst for næringstrafikken til og frå Risavika hamn, fortel senioringeniør i Statens vegvesen, Ingve Lygre Undheim.

Betre for alle køyretøy

Personbilar får også betre framkomst når alle større køyretøy køyrer i tungtrafikkfeltet.

– Det kan sjølvsagt bli kø i det vanlege køyrefeltet viss mange vel bil til og frå jobb, men slik trafikkbiletet ser ut nå, blir det betre for alle.

Undheim seier at tungtrafikkfeltet kjem til å ha god framkomst heile døgnet, også i rushtida. Det gir godstrafikken betre framkomst, effektivitet og dermed mindre utslipp. Også bussar kjem til å køyre i tungtrafikkfeltet. God framkomst for buss er også eitt av hovudmåla på strekninga.

Ser til utlandet

Statens vegvesen har planlagt tungbilfeltet lenge. Når vegar blir bygt, må etaten nå fleire mål. I Bymiljøpakken er eitt av måla at vi ikkje får fleire personbilar på vegane. Eit anna er god framkomst for næringstrafikk, gods og kollektivtrafikk.

- I tillegg har vi nullvisjonen, om null hardt skada og drepne i trafikken, seier Undheim.

For å nå desse måla har han og kollegaene sett til utlandet.

- Vi ser mellom anna god effekt i Dublin, der eitt felt er reservert for lastebilar frå sentrum til hamna, seier han.

Nytt skilt

Det er første gong i Norge at tungtrafikk får eit eige felt. Difor har Statens vegvesen fått eit heilt nytt skilt. Skiltet har blå bakgrunn med eit køyretøy som viser at køyretøy over 3,5 tonn kan bruke køyrefeltet.

mykje tungtrafikk i Tanangervegen
På den nye firefeltsvegen forbi Sola skole får tungtrafikken eit eige felt. Foto: Undi Torstensen
Aktuelt for fylke(r): Rogaland