Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Både Sola og Stavanger har nå godkjent reguleringsplanane for riksveg 509 Transportkorridor vest.

– Det er ein ganske stor og komplisert reguleringsplan som nå er vedtatt. Vi har brukt to år og åtte månader frå varsling om planoppstart til vedtatt plan. Strekninga er på over sju kilometer, med totalt 20 konstruksjonar, fortel prosjektleiar for planarbeidet, Tore R. Johansen.

Prosjektleiaren fortel at Hafrsfjordbrua, Prestaskjeret gangbru, Urda gang- og sykkelbru, Nordre Vardåsen vegoverbygg, Hagakrossen vegoverbygg, Tanangerporten kulvert og Melsviga viltkulvert er blant dei største såkalla konstruksjonane.

Total kostnad for vegprosjektet er om lag 2,9 milliardar kroner.

Bussfelt i midten eller langs sida?

Eitt av måla for Tranposrtkorridor vest er å gjere plass til bussar og andre tungbilar.

Løysinga for riksvegdelen av 509 Transportkorridor vest, altså strekninga mellom Sømmevågen og Hafrsfjord bru er at både bussar og tungbiltrafikk skal gå i felt på begge sider av bilvegen.

– Å kombinere bussar og annan tungbiltrafikk er eit pilotprosjekt. Det er altså ikkje prøvd andre stader tidlegare, forklarar Johansen.

På strekninga mellom Sundekrossen og Kvernevik Ring nord har kommunen vedtatt midtstilt kollektivfelt.

Frå Sundekrossen i retning inn mot Stavanger, altså langs Revheimsvegen er det framleis tre aktuelle løysingar for kollektivfelta: midtstilt, slik som i Hillevåg, sidestilt eller begge retningar parallelt med bilvegen i såkalla parallelført kollektivfelt.

Endeleg løysing blir bestemt gjennom arbeidet med fylkesvegdelen av Transportkorridor vest.

Syklistar og gåande

Langs Kvernevikveien, mellom Sundekrossen og Traneveien er det fleire aktuelle løysingar  for gåande og syklande.

– I eit forslag har vi teikna sykkelveg på begge sider av bilvegen. I eit anna forslag har vi sett på ei såkalla dansk løysing, tosidig einsretta sykkelveg med fortau. Korleis krysset blir i sjølve  Sundekrossen, anten det blir eitt- eller toplanskryss, er avgjerande for korleis gåande og syklistar får det på denne strekninga, seier Johansen.

Han forklarer at på strekninga nord for Traneveien er løysing for dei mjuke trafikantane allereie bestemt.

– Der kjem det sykkelveg med fortau på vestsida av Kvernevikveien. Nord for Kvernevik Ring nord blir sjølve hovudvegen tofeltsveg, men reguleringsplanen opnar for mogleg framtidig 4-feltsløysing også her.

Motsegn

To område i plan 0527* er mellombels tatt ut grunna motsegn.

Det eine området er ved Tananger kirkegård og det andre ved friområdet ved Jåsund. Det er Statens vegvesen sjølv som har fremma motsegn grunna støykrav frå Sola kommune.

– Det blir mekling hos Fylkesmannen i Rogaland. Dersom mekling ikkje fører fram blir saka sendt til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.

*Planen for Transportkorridor vest i Sola kommune heiter plan 0527. Planen i Stavanger kommune heiter plan 2479.

Gangbru TKV
Foto: Norconsult for Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Rogaland