Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Fredag 4. mars blir trafikken langs Sømmevågen lagt om.

– Vi oppmodar bilistar til å ta omvegen om Solastranda viss dei skal til eller frå flyplassen torsdag kveld og natt, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Odd-Magnar Nerland.

Nerland fortel at arbeidet med å legge om trafikken startar torsdag kveld klokka 21. Fredag morgon klokka 6 skal det nye køyremønsteret vere på plass.

Ny rundkøyring

Ei stor midlertidig rundkøyring vest i vågen kjem litt bortanfor for den gamle.

Dei som køyrer vestover, frå Forus og Sola blir allereie ved enden av Solasplitten leia mot høgre, ut mot sjøen. Vidare etter rundkøyringa blir dei også leia mot høgre opp bakken mot Tananger.

Bilar som kjem frå Tananger eller flyplassen og skal austover mot Forus og Sola køyrer meir eller mindre som før.

Det nye køyremønsteret gjeld til våren 2017.

Manuell dirigering natt til fredag

Trafikkomlegginga er så omfattande at entreprenøren må ha folk til å dirigere trafikken i rett retning når sjølve omlegginga blir gjort.

– Omkøyring om Solastranda blir skilta. Viss du skal til eller frå flyplassen torsdag kveld og natt må du nok rekne litt ekstra tid, oppmodar Nerland.

kart omlegging trafikk sømmevågen, ny rundkøyring, mars 2016
Den nye midlertidige rundkøyringa midt i kartet blir verande til våren 2017. Foto: Grafisk senter
Aktuelt for fylke(r): Rogaland