Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen og entreprenør Stangeland Maskin startar denne veka å bygge firefeltsveg mellom Sømmebakken og Sola skole.

– I dag er to gravemaskinar på plass, men allereie i løpet av ei veke kjem vi til å jobbe fleire stader på heile strekninga, seier prosjektleiar Bjarne Våge i Statens vegvesen.

Arbeidet startar med å rive eit hus i austenden av den 1300 meter lange strekninga.
Etter det rydder entreprenøren vegetasjon, slik at sikta blir betre i området.

Blir bra til slutt

– Vi skal bygge på strekninga i eitt og eit halvt år. Når vi er ferdige, blir det bra. Då har vegen fire felt, vi har ei ny rundkøyring, gang-og sykkelfelt på begge sider av vegen, støyskjerming mot barnehage og skole, pluss ein ny undergang, seier prosjektleiaren.

Arbeidstida er i hovudsak 07 til 15 på kvardagar. Nokre gonger blir det likevel arbeid både kveld og natt, og også laurdag.
– Det gjer vi for til dømes ikkje å arbeide nær skole og barnehage mens barna er der. Andre gonger må vi jobbe om kveld og natt fordi trafikken då er mindre.

Prosjektleiaren håpar trafikantar og naboar er tolmodige i byggeperioden.

Trygt for skolebarna

Statens vegvesen er svært opptatt av at skolebarna er trygge.

– Det kjem til å bli endringar i skolevegen deira, men vi sørger for at dei ikkje kjem for nær anleggamaskinar, seier Våge. Han oppmodar foreldre til å ta særleg omsyn viss dei vil køyre barna til skolen.

– Det beste er viss dei kan sleppe barna av ved Salem, slik at dei går gjennom undergangen til skolen, seier han.

For bilistar som køyrer gjennom området er fartsgrensa 40, slik det er gjennom Sømmevågen.

oppstart rv. 509 Sømmebakken-Sola skole, oktober 2016
Ein gravemaskin i arbeid i dag. I løpet av veka kjem 4-5 til på strekninga. Fartsgrensa er sett ned til 40 km/t. Foto: Ørjan Sedeniussen
Aktuelt for fylke(r): Rogaland