Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Bymiljøpakken for Nord-Jæren har vedtatt at det skal kuttast i prosjekta i Bymiljøpakken. Dette inkluderer også kutt for Transportkorridor vest. Eitt av tiltaka for å redusera kostnadene er å utforme enklare kryssløysingar for området ved Kontinentalvegen.

Det inneber rundkøyring i staden for eit toplanskryss. Forslag til ny kryssløysing i Kontinentalvegen vil være innafor det arealet som er regulert som trafikkareal i plan 0527 TKV.

Den nye kryssløysinga er planlagt som ei rundkøyring med ein diameter på 70 meter. Rundkøyringa skal utformast med filterfelt for å sikra ei god trafikkavvikling.

Planområdet er på ca. 60 dekar og følgjer riksveg 509 Tanangervegen frå Tjora gjennom rundkøyringa med Kontinentalvegen vidare nordover til Nord-Tjora. Planområdet kan bli innskrenka i løpet av reguleringsplanarbeidet.

Detaljreguleringa er i tråd med gjeldande kommuneplan. Konsekvensutgreiing er utarbeidd i plan 0527 og det er vurdert at det ikkje er behov for ny utgreiing.

Planmateriell og merknader

Eventuelle merknader til oppstart av reguleringsplanarbeidet kan sendast til:

  • Staten vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer, eller ,
  • med kopi til: Sola kommune, postboks 99, 4097 Sola, eller  

Frist for å komme med merknader er 26.11.2020.

Dei som sender inn merknader vil ikkje få personleg svar på forespurnaden sin. Alle merknader blir refererte og kommenterte i det vidare planarbeidet.

Har du spørsmål kan du kontakta Geir Strømstad i Staten vegvesen, tlf. 488 99 798, eller e-post

Aktuelt for fylke(r): Rogaland