Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

Hardangerbrua sitt næraste nabolag i sør er berika med både utandørs kunst og nyopna kafe denne sommaren.

«Mellom himmel og fjord» heiter kunstløypa langs gang- og sykkelvegen til Hardangerbrua på Bu. Tre kvinnelege kunstnarar stiller med kvar sine bidrag langs vegen, med Hardangerbrua som bakgrunn. Turfolk på veg til og frå brua kan få med seg eit «kyss» i biletform, laga av Unni Askeland. Dei kan og sjå ein serie småbilete av insekter på lysstolpane langs gangvegen, produsert av Kirsti van Hoegee i Bergen. Tredje utstillar er den spanske kunstfotografen Agurtxane Concellon, busett i Eidfjord. Ho visar eit foto frå brukablane til Hardangerbrua på ein disig dag. Overflata er broten, slik at biletet gir ulike synsinntrykk etter posisjonen din.

Fire løyper

Det er tilsaman fire ulike kunstløyper som er på plass i Hardanger denne sommaren. Kunstnarorganisasjonen Harding Puls har regien på løypene. Dei tre andre ligg i Norheimsund, Herand og på Utne. Prosjektet går over tre år.

Motiv fra kunstløype gangveg ved Hardangerbrua.
Motiv fra kunstløype gangveg ved Hardangerbrua.

 

Bu Kafe

I sommar har det og vore gjenopning av Bu Kafe. Her var det serveringsstad i same lokalet frå 1932 til 1970. Siste drivaren var farmor til Astrid Røte, som no står bak opptakten i eige hus på Ytre Bu, i lag med Randi Elisabeth Oppedal.

I tillegg til å bli ein ny møteplass for folk på båe siden av fjorden - er det feriefolk som har merka seg tilbodet nær rasteplassen til Hardangerbrua. Bu Kafe kan og ta imot lukka selskap, og har iallfall planar om å halde dørene opne ut august denne første sesongen.

Uteplass ved Bu kafe, like ved Hardangerbrua.
Uteplass ved Bu kafe, like ved Hardangerbrua.

Aktuelt for fylke(r): Vestland