Artikkelen er fra 2013, og innholdet kan være utdatert.

Rv. 13 Vallaviktunnelen blir stengt for trafikk fredag 21. juni mellom kl. 09.30 og 12.00. Det skal gjennomførast brannøving i tunnelen denne føremiddagen.

Det står att noko kompletteringsarbeid i tunnelen som skal utførast to netter, natt til torsdag 20. juni og natt til fredag 21. juni, båe netter mellom kl. 22.30 og 06.00. Det blir desse nettene kolonnekøyring med ledebil, tilpassa ferjene Bruravik–Brimnes.

Kolonnetider

Det gir desse kolonnetidene dei to nettene:

  • Frå Granvin kl. 22.40, 23.20, 00.10, 02.10 og 04.40
  • Frå Vallavik går det kolonne kl. 23.00, 23.40, 00.20, 01.20, 02.20 og 04.50

Omkøyringsveg er fv. 572 via Ulvik og Espelandsdalen.

Lagar bilbrann

Brannøvinga skjer ved påtenning av ein kontainer inne i tunnelen, som skal svara til omfanget på ein bilbrann. Brannvesenet, politiet og øvrige utrykkingsetatar i Hardanger og Voss tek del i øvinga.

Gjennom øvinga skal ein få testa styringssystemet, radiosambandet – og sjølvsagt sløkking av brannen. Seinare på dagen blir det tilsvarande øving i Butunnelen, men denne er som kjent berre open for intern anleggstrafikk på prosjektet.

Øvinga er viktig for sikkerhetsgodkjenning av Vallaviktunnelen og dermed for opning av Hardangerbrua 17. august.

Det skal setjast fyr på ein kontainer i tunnelen. Her frå ei liknande brannøving lenger sør på rv. 13, i Osbergtunnelen i Suldal. (Arkiv Foto: Adler Enoksen
Aktuelt for fylke(r): Vestland