Artikkelen er fra 2013, og innholdet kan være utdatert.

Torsdag tok ein til med bygging av scene til opningsmarkeringa for Hardangerbrua i Vallavik. Det blir underhaldning og informasjon i ei lett blanding frå scena laurdag 17. august.

Fredag er det mellom anna lydprøver for artistar og talarar som har høve til å ta turen til Vallavik. Og laurdag skjer blir det musikalsk «oppvarming» av publikum frå kl. 1000, fram til programmet tek til kl. 1100. Bussane går frå parkeringsplassane i Ulvik, Granvin, Kinsarvik og Eidfjord frå kl. 0930. Gangvegen over Hardangerbrua opnar kl. 0900.

Torader og blues

Programleiar Arne Hjeltnes syr saman innslag frå mange av dei fremste artistane frå Hardanger og Voss. Sopranen Maria Digranes frå Ullensvang kjem først på scena.

Rannveig Djønne er frå Djønno, nokre kilometer frå Hardangerbrua. Ho er busett i Oslo, men har vore heime i sommar. Seinast denne veka har ho mellom anna vore å høyre med toraderen sin i lag med musikkvener på Voss. Ho spelar duett med Annlaug Børsheim frå Ulvik. Bror til Annlaug, Torkjell, dansar til musikken. Han er og kjent frå dansegruppa Frikar.

Frå Voss kjem Olav Undeland Trio. Undeland er bluesartisten som har gått i lag med hardingfelespelar Arne Anderdal og bassist Svein Prestegard. Bassen er av det slaget ein kan setja saman av sinkbalje og kosteskaft med «streng».

Todelt program

Programmet frå scena i Vallavik «amfi» går i to økter. Etter ein drøy time blir merksemda flytta til den formelle opningsseremonien oppe på brubana ved tårnet i Vallavik. Men det som skjer her blir vist på to storskjermar ved sceneområdet i Vallavik. Dersom det er fleire tusen til stades under programmet frå scena i Vallavik «amfi», vil ikkje alle få plass oppe ved opningsseremonien på brua. Dette vil Arne Hjeltnes oirentera om frå scena.

Musikkinnslaga frå scena nede i Vallavik held fram etter at statsråd Liv Signe Navarsete har kutta bandet og opna Hardangerbrua. Men det vil endå gå ein god stund før trafikken kan sleppas ut på brua. Scena på brubana skal rivast, og heile vegbana må ryddast, før trafikken kan sleppast ut gjennom Vallaviktunnelen og over Hardangerbrua. I ventetida kan publikum få med seg mange lokale musikkinnslag frå scena.

Det er sjølvsagt toalett for publikum, plassert på sidearealet tett ved fylkesvegen mot Djønnotunnelen. Det er salsboder for mat og drikke ved den store buss-snuplassen ved fylkesvegen gjennom Vallavik.

Direkte i to kanalar

Dei som ikkje kjem til Vallavik (kl. 11.00 til kring 14.30) eller Eidfjord seinare på dagen, kan følgja opninga av Hardangerbrua direkte på TV. TV2 Nyhetskanalen har planar om å gå inn med fleire direkteinnslag om føremiddagen, kring kl. 10-11.00. NRK planlegg å sende direkte på nrk.no frå kl. 12.25 til kring 13.15 – med den offisielle opningsseremonien oppe på sjølve brua. Her talar mellom anna regionvegsjef Helge Eidsnes, medan avsluttande kutting av bandet blir utført av statsråd Liv Signe Navarsete.

Aktuelt for fylke(r): Vestland