Artikkelen er fra 2014, og innholdet kan være utdatert.

Siste kontrakt for Hardangerbrua-prosjektet er oppsetting av visningskilta for vegrutene over brua som har avløyst det nedlagte ferjesambandet Bruravik–Brimnes.

Kontrakten gjekk til Hardanger Maskin frå Alsaker i Ullensvang, med ein pris på knappe 800.000 kroner. Det er tale om fjerning av ein del skilt, men framfor alt oppføring av nye skilt og tavler, kring 40 i talet.

Skilta er tinga og arbeidet ute på vegen vil etter planen ta til i veke 39. Fristen for å fullføra oppdraget er 20. november 2014.

Bente Johnsen Aase og Reidar Eide med håndtrykk.
Prosjektleiar Bente Johnsen Aase i Statens vegvesen gratulerer Reidar Eide frå Hardanger Maskin med oppdraget med visningskilt via Hardangerbrua. Foto: Geir Brekke
Aktuelt for fylke(r): Vestland