Artikkelen er fra 2013, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har mellombels stengd siste nisje for havari og parkering i munninga av Butunnelen ved Hardangerbrua.

Erfaringar frå første dagen med ordinær trafikk over Hardangerbrua synte at nokre bilistar nytta nisjen ved utgangen mot brua til å snu, på tvers av motgåande trafikk. Av omsyn til tryggleiken for trafikken blei nisjen stengd med markørar på gummisokkel. Årsaka til at nokon snudde kan vera at dei valde feil tunnelarm frå rundkøyringa i Butunnelen, altså trafikk mellom Kinsarvik og Eidfjord som ikkje skulle over Hardangerbrua.

Ser på skiltinga

- Vi vil no sjå nærare på skiltinga før rundkøyringa i Butunnelen, seier prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen. Skiltinga er utført etter gjeldande normalar. Skiltplanen har vore til omfattande høyring og uttale i ein prosess gjennom 2012 og 2013, både internt i Statens vegvesen og med eksterne samarbeidsparatnarar. Vi har no tinga supplerande skilt til rundkøyringa. Dermed vonar vi at dei som er usikre på retninga kan ta ein ekstra runde i rundkøyringa og koma inn på rett tunnelarm. Dei supplerande skilta vil koma på plass så snart som råd, lovar Øivind L. Søvik.

13.000 bilar i helga

Trafikken var som venta stor over Hardangerbrua etter opninga 17.august. Brua var open for trafikk ved 15-tida, slik det var kunngjort på førehand. Det var gratis køyring over brua heilt til midnatt natt til 19.august. Laurdag kveld var det 4.180 passeringar, medan trafikken 18.august kom opp i 8.946 køyretøy. Med over 13.000 passeringar gjennom helga var det mange som fekk testa Hardangerbrua og det nye tunnelsystemet i Vallavik og på Bu.

Det har vore jamn trafikk også etter «gratis»-helga. Det første døgnet med innkreving av bompengar var det 2.697 bilar som passerte over Hardangerbrua.

Aktuelt for fylke(r): Vestland