Statens vegvesen legg i samarbeid med Sogndal kommune eit forslag til reguleringsplan ut til offentleg ettersyn i perioden 19.02.2018 til 05.04.2018.

Føremålet med planen er å utbetre eksisterande rv. 55 for å få betre drenering og kurvatur langs denne strekninga. Vegen vil få litt breiare køyrebane. I tillegg vil og vegskuldrar bli breiare for å legge betre til rette for sykling langs strekninga.

Planen er tilgjengeleg

  • som vedlegg til denne siden, sjå under "Last ned",
  • www.sogndal.kommune.no og
  • ligg også ute på heradshuset i Sogndal

Merknader

Vi ber om å få tilsendt eventuelle merknader til reguleringsplanen skriftleg innan 05.04.2018. Send merknadene til:

  • Statens vegvesen Region vest, Postboks 43, 6861 Leikanger, eller
  • på e-post til

Eventuelle spørsmål kan rettast til Bente Øyre på telefon 57 65 57 54 eller e-post .

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Planen blir utarbeidd etter § 12-3 og 3-7.

Aktuelt for fylke(r): Vestland